
Re: Hvor godt fungerer Milestone for nordmenn?
Etter vel ei veke som den lukkelige eigar av ein Milestone har eg berre lovord å kome med. Men så kom eg rett frå ein HTC Diamond der skjermen var delvis herpa og det meste var dritt, så derifra var ikkje fallhøgda veldig stor.
Var ein tur i Berlin og etter å ha tråla alle O2,Vodafone og andre mobilbutikkar i Berlin Mitte og fått beskjeden "kjem om 14 dagar" gav eg opp og gjekk til Saturn for å kjøpe ein Hero. Men voila, der stod Milestone og lyste framføre meg, den siste i Saturn-sjappa - den siste i Berlin virka det som. Brukte ikkje mange sekunda på å gløyme HTC. (Ingenting gale sagt om Hero, det var ein veldig fin sak når den kom)
Eg syns Milestone'n flyt veldig fint, lite lagg. Det var jo litt overaskande for meg (som ny Android-brukar) dette med at applikasjonar ikkje vert stengt, men det treng vi ikkje ta her. Har sett at det fins applik. for å stenge prosessar. Nok om det.
Hardware tastatur er sjef i mine auge, kamera med led har eg også sakna. Ikkje topp kvalitet på lys/bilde, men har ikkje testa det veldig - berre teke bilde av ungane og ellers det som dukkar opp. Absolutt bra nok på mobil og eit langt steg fram i forhold til HTC Diamond der regelen var mørke uskarpe bilete. Å filme videoar med Qik i DVD-kvalitet(i følge reklamen) er sjef.
Skjermen er i mine auge veeldig bra, å sjå på YouTube-filmar i høg kvalitet er rett og slett imponerande. Og eg var imponert første 5 dagane før eg oppdaga at eg hadde den på "lav" lysstyrke også...
Batteritida er muligens ikkje topp - eg har stort sett lada kvar natt. Men det er vel heller ikkje uvanlig i dette telefonsegmentet og eg har jo brukt telefonen veeeldig mykje no første tida. Så litt usikker på kva eg skal meine om den.
Det største problemet mitt no er at browser (standard og Dolphin Browser) ikkje vil vise HTTPS-sider, som betyr umogleg å logge inn veldig monge stadar (Gmail, Wave, etc). Difor søkte eg etter "Android forum" for å spørje nokon om det, og vips havna eg her. Så no startar eg ein ny tråd om det. (Enno ein ting å ikkje følge opp her
Så oppsumert: tenkjer ikkje på at eg har ein tysk telefon - det pregar ikkje kvardagen i det heile. På softtastaturet har eg norsk, henta frå Android Market, med norsk ordliste, og hardware-tastaturet har eg veldig raskt lært meg at Z og Y er bytta om på. Og kor ofte skriv ein eigentlig Z og Y?